Litteraturhusets Podkast

Imperiet slår tilbake: Gauz’ og Yohan Shanmugaratnam

Informações:

Synopsis

«Vektaren elskar babyar. Kanskje fordi babyar ikkje stel.Babyar elskar vektaren. Kanskje fordi han ikkje drar med seg babyar på utsal.»I ein Sephora-butikk på Champs-Élysées i vår tid står ei sikkerheitsvakt og betraktar kundane. Tidleg på 70-talet kjem Ferdinand til Paris og må læra seg dette nye landet å kjenne. På 90-talet jobbar venane Ossiri og Kassoum nattskift i den parisiske undergrunnen.Tre generasjonar innvandrarar fortel historiene sine i Betalt for å stå, den sensasjonelle debutromanen til Armand Patrick Gbaka-Brédé, betre kjent som Gauz’. Med leikent språk, drivande handling og mykje observasjonshumor, er Betalt for å stå (til norsk ved Tove Bakke) ein fandenivaldsk komedie om fransk koloniarv sett frå ståstaden til serviceklassen.Gauz’ er forfattar, redaktør og dokumentarfilmskapar frå Elfenbenskysten. Romanen Debout-Payé vart hylla av meldarane då han kom i 2014, og den engelske omsetjinga vart i 2023 kortlista til den høgthengande prisen Booker International.På Li